Satsar på hundekøyring i Randsverk

Trine Marie Flåtten og Øyvind Jakobsen har kjøpt hus i Randsverk og startar Jotunheimen Husky Lodge.

Jotunheimen husky lodge: Trine Marie Flåtten og Øyvind Jakobsen har kjøpt eigedomen etter Grethe Høstaker i Randsverk. Paret har dei siste åra vore vertskap på Hjerkinnhus på Dovrefjell, men lysta til å arbeide meir med hundar og skape sin eigen arbeidsplass, gjorde at dei fall for staden ved foten av Jotunheimen. – Vi skal drive med overnatting og hundekøyring. Området rundt Randsverk har mange mil med hundeløyper å by på, seier Øyvind Jakobsen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Den 1. januar overtok dei plassen i Randsverk etter Jotunheimen Adventure som har vore drive av Grethe Høstaker.

– Det er det her vi vil satse framtida vår på, seier Øyvind jakobsen.