Forslag til ny fjellov – ope møte

Onsdag 30. januar er det ope møte om kva følgjer den nye fjellova får for bruksrettshavarar og innbyggjarar i Vågå.

Ope møte om ny fjellov: Kva vil forlsaget til ny fjellov bety for bruksrettshavarar og innbyggjarar i Vågå? Svar på dette vil ein truleg få under det opne møtet i kulturhuset onsdag 30. januar. Motivet på bildet er frå Veoli med Sjolikampen i bakgrunn.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Forslaget til ny fjellov er nå på høyring med høyringsfrist 28. februar. Saka har stor betydning for alle brukarar av statsallmenningane.

Statsallmenningslovutvalet vart oppnemnd 4. mars 2016, og overleverte utgreiinga «Ny fjellov» til Landbruks- og matdepartementet 22. juni 2018.

Utvalet legg fram forslag til ei ny fjellov, som skal erstatte dei to lovene som i dag regulerer bruken og forvaltninga av statsallmenningane. Formålet med lovforslaget er å fremje berekraftig forvaltning av ressursane i statsallmenningane.

Utvalet foreslår å erstatte dei to styra som administrerer bruken i dag, med eitt felles styre; det nye fjellstyret. Utvalet har delt seg i eit fleirtal og eit mindretal i mange spørsmål, mellom anna når det gjeld kva for oppgåver fjellstyret skal ha, og kva for reglar det skal vere for samansetjing og oppnemning av fjellstyret. Fjellstyra skal etter forslaget ikkje kunne instruerast av statlege organ og vedtaka skal heller ikkje kunne klagast på. Som før skal likevel reguleringa av jakt- og fiske ha sterke innslag av offentlegrettsleg regulering.

Utvalet foreslår at rolla Statskog SF har som grunneigar i statsallmenningane skal reindyrkast. Utvalet har også kome med forslag til endringar i forvaltninga av økonomien i statsallmenningane.

Du kan lese meir om forslaget til ny fjellov her.

Rolv Kristen Øygard frå Skjåk og Hanne Alstrup Velure frå Lesja er to lokale representantar som har sitte i utvalet.

Onsdag 30. januar er det ope møte i Vågå kulturhus der forslaget til ny fjellov er tema.

Ivar Vistekleiven, leiar i Vågå Fjellstyre, vil orientere om allmenningane i Vågå.

Hanne Velure leiar i Utmarkskommunenes Samanslutning (USS)  og medlem i Statsallmenningslovutvalet, vil orientere om høyringsforslaget og dei viktigaste endringane.

Leiar i Norges Fjellstyresamband, Jan Olav Solstad frå Sel, vil ta for seg kva følgjer den nye fjellova vil få for bruksrettshavarar og innbyggjarar i Vågå.

Det vil bli opna for ordskifte, der vagværane kan kome med innspel til høyringa.

Arrangør av det opne møtet er Vågå kommune og Vågå Fjellstyre.