Dobbeltjubileum under Folkemusikktreffen

Vågå betyr noko ekstra for Honndalstausene og Småviltlaget. Det var her dei debuterte for 35 og 25 år sidan.

Honndalstausene: Gunnhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole, Bente Storbakken og Gunn Gausemel var laurdag attende på scena der eventyret om felejentene frå Nordfjord starta for litt over 35 år sidan, under distriktskappleiken i Vågå i 1983. Laurdag var Tore Løvgren med på trekkspel, Svein Ove Brun på gitar og Ola Nesset på bass.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Kvar vinter reiser spelemenn og dansarar lange vegar for å koma på Folkemusikktreffen i Vågå.

Slik var det også i helga da den 34. treffen vart arrangert.

Vågå spel- og dansarlag har også stått som arrangør av distriktskappleikar, Landskappleikar og Landsfestivalar, med deltakarar frå heile landet.

Hausten 1983 var det distriktskappleik i Vågå, der ein bukett unge felejenter frå Nordfjordl stilte; Honndalstausene.

Laurdag stod fire av dei på scena i kulturhuset  under mønstringskonserten; Gunnhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole, Bente Storbakken og Gunn Gausemel.

Småviltlaget frå Brekken og Røros starta i 1994 av Tron Steffen Westberg, Magne Eggen Haugom og Rolf J. Feragen. I tillegg til dei tre består gruppa i dag av Ola Kjerrengvoll, Jan Frostvoll, Per Ivar Tamnes og Oddmar Kjerrengvoll.

Småviltlaget debuterte under Folkemusikktreffen i 1994. Fem år seinare gjekk gruppa til topps i Vågåhallen under Kappspell-finalen i beste sendetid på NRK.

Under mønstringskonserten spela Honndalstausene og Småviltlaget kvar sine leiker, før jubilantane slo seg saman og spela Knut-Iver-slåtten, ein slått som nærast var eit varemerke for Honndalstausene.

Småviltlaget: Det vart ein pols i fint driv da Småviltlaget spela opp i kulturhuset laurdag. Frå venstre står Rolf J. Feragen, Tron Steffen Westberg, Ola Kjerrengvoll, Jan Frostvoll, Magne Haugom, Per Ivar Tamnes og Oddmar Kjerrengvoll. Gruppa debuterte under Folkemusikktreffen i 1994.  Foto: Arve Danielsen