Stemningsfullt med Nyhus og Bergrosa

Kyrkjekonserten fredag kveld vart ei flott opptakt til helgas Folkemusikktreff i Vågå. Det var ei sterk oppleving da alle spelemennene saman med Sven Nyhus avslutta konserten med Bergrosa.
Nyheiter

Sven Nyhus er ein nestor i norsk kulturliv og har inspirert mange og skapt mykje som spelemann og komponist.

Om fire månader er det 50 år sidan han starta Sven Nyhus’ kvartett saman med Tore Løvgreen. To gonger har dei vunne Spelemannsprisen.