Minnegåve til rekrutteringsarbeid i spel- og dansarlaget

Spelemannen Ivar Odnes som gjekk bort i fjor haust, ynskte at minnegåva i samband med gravferda skulle gå til rekrutteringsarbeidet i Vågå spel- og dansarlag.
Nyheiter

Det vart ei spesiell og gripande stund i Vågå kulturhus under den store mønstringskonserten laurdag på Folkemusikktreffen, da  kona Jorun Vang og døtrene etter Ivar Odnes, Anne og Ragnhild, overrekte ein sjekk til leiar Ola Grøsland i spel- og dansarlaget av pengar som vart gjeve i minnegåve til gravferda.