– Folk kom attende da vi opna kafeen

– Vågå handelshus treng ein kafé, seier Ola Plassen. Saman med kona Iselin Stakston opna han kafé i huset fredag.

Kafé: – Ein kafé i handelshuset trekkjer folk, seier Ola Plassen. Han har fått mor Randi Plassen med på laget, for å bake og vere i kafeen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Ei veke etter at kafeen på Vågå handelshus stengte, vart det ny aktivitet i lokalet.

– Vi ser det var mykje folk som vart borte da kafeen stengte. Vi prata om det her på huset at vi skulle hatt kafé. Det er viktig å behalde det trivelege og sosiale i handelshuset, seier Ola Plassen som driv sportsbutikken vegg i vegg.