Silje og Thomas trur faren vart drepen i Thailand

John Ramstad frå Skjåk vart i november funnen død i ei elv i Thailand. Barna trur faren vart drepen.

Trur faren vart drepen: Silje og Thomas Ramstad er overtydde om at far deira vart drepen i Thailand.  Foto: Lars Skrefsrud/NRK

Nyheiter

Til nrk.no/ho seier syskena Silje og Thomas at dei er overtydde om at faren vart drepen. Kripos har bede thailandsk politi om vidare etterforsking.

Skjåkværen har budd i Thailand i fleire år og hadde to ungar med ei thailandsk kvinne. Han har òg i periodar vore heime i Skjåk.

Ramstad har jobba som språklærar på ein skule, skriv NRK.

Lokalt politi i Thailand meiner Ramstad drukna

– Han døde av drukning. Vi ser på dette som eit sjølvmord og det har ikkje skjedd noko kriminelt. Denne saka er avslutta her hjå oss, seier politisjef i Nan, Virasak Foythong, til NRK.

Dei to vaksne barna i Noreg har ikkje slege seg til ro med konklusjonane til det lokale politiet.

Thomas Ramstad seier til NRK at faren fortalde om ein langvarig familiekonflikt, om truslar og til og med drapsforsøk.

I ei melding laurdag 3. november skreiv han at ein munk i eit lokalt tempel hadde fortalt at han var i livsfare og måtte koma seg ut av landet. Berre nokre timar seinare var John Ramstad død.

– Han var livredd. Han var i dødsfare i lang tid. Å seia at han skal ha drukna i den grunne elva er heilt absurd, seier sonen til NRK.

NRK har teke kontakt med andre partar i den påståtte familiekonflikten, utan å få svar.

Syskena har hatt jamleg kontakt med lokalt politi i Skjåk og med Kripos sidan dødsfallet.

Ramstad har vore gjennom ein obduksjon, men skal nå obduserast på nytt. Rapporten etter denne obduksjonen kan ta månader å vente på.

Kripos meiner dødsfallet er mistenkeleg.

Silje og Thomas håpar på eit svar.

– Eg har jo håp, men eg trur det er stor fare for at vi aldri får veta nokon ting, dessverre, seier Thomas Ramstad til NRK.