Vallista i Skjåk Sp er klar:

– Gler oss til valkampen

Vallista til Skjåk Sp er klar. Edel Kveen toppar lista, og ho har eit entusiastisk partilag i ryggen.

Ivrige: Dei fire som toppar Skjåk Senterparti si valliste, Edel Kveen, Håvard Krogstad, Rannveig Brennhaug og Kristen Haugen Dagsgard, gler seg til både programarbeid og valkamp.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Medan andre parti i Nord-Gudbrandsdalen har streva med å få nok namn til å i det heile tatt kunne stille liste, har Skjåk Senterparti hatt eit motsett «problem»: Dei hadde for mange som ville vera med. Dermed vart det óg somme som fekk nei.

– Det tykte eg var utfordrande, men mest av alt var det sjølvsagt ei positiv problemstilling. Faktisk var det slik at folk tok kontakt sjølve, deriblant ungdom, som sa dei ville vera med. Det er heilt eineståande, seier ein nøgd Håvard Krogstad, leiar i nominasjonskomiteen.