I helga kan du telje fuglar

Norsk Ornitologisk Forening (NOF) arrangerer i helga «Hagefugltellinga 2019».

Dompap: Dompapen er ein kjær gjest på mange fuglebrett.  Foto: Rita Birkeland

Nyheiter

Alle kan delta med å telje fuglar. Det er eit fint høve for ein aktivitet for store og små i ei roleg og mørk årstid.

Det er 12. gong at NOF arrangerer Hagefuglteljinga og ein håpar som vanleg på stor deltaking. NOF forventar rapporter frå ca. 9.000 foringsplassar som vil involvere rundt 18.000 personar i alle aldrar. I fjor vart resultatet nesten 485.000 fuglar. 

Målet med Hagefugltellingja er å skape blest om fuglar og natur med fugleforing som ein spennande og underhaldande aktivitet.

Kvar er det vorte av småfuglane?
Spørsmålet dukkar opp kvar haust og vinter frå ivrige fuglefolk rundt om i landet, men i år har det vore sjeldant mange slike spørsmål. Dette kan det vera vanskelag å svare på, men mykje er vêrmessig betinga. Er det lite snø i skog og mark så finn fuglane nok mat i skogen, der dei trivst best. Kjem det mykje snø og kuldeperiodar så trekk dei inn mot hus der dei håpar å finne mat. 

På landsbasis er det alltid kjøttmeis, blåmeis og skjære i nemnde rekkefølgje som er dei fugleartane med størst utbreing. Kjøttmeisen dukkar opp på ca. 95 prosent av alle foringsplassar og er den vanlegaste vinterfuglen.

Stor interesse for mating av fuglar
Det er stor interesse for å mate fuglar i Noreg. Årleg blir det selt ca. 16.000 tonn med villfuglmat. Om lag 400.000 nordmenn er med å hjelpe dei fjærkledde venene med mat i vinterhalvåret. Fleire og fleire nordmenn finn ut at mating av fuglar er ein spennande og lærerik hobby.

Sjølv om mengdar med meisar og sisikar skapar mykje liv rundt foringsplassen er det ofte dei mer uvanlege gjestane som gjev den største gleda og spenninga. For å ha moglegheit til å oppleva mange ulike fugleartar er det viktig med variert mat på foringsplassen, og at det finst mat både på bakken, i trea og på fuglebrettet.

Hva skal teljast?
Hagefugltellinga foregår ved at ein noterer alle fuglar som blir sett på fuglebrettet og rundt fôringsplassen på éin dag. Det skal noterast det høgaste antal ein ser på éin gong av kvar fugleart. Ser ein fuglar som flyg over nærområdet, eller andre observasjonar gjort under teljinga kan det også noterast. Det samme gjeld dei pattedyr som måtte dukke opp, som blant anna ekorn og rådyr. Teljinga av fuglane skal leggast inn på fuglevennen.no