– Oppløftande, seier Noregs Mållag:

Fleire held på nynorsken i ungdomsskulen

– Det er viktig for det nye Fylket Innlandet å hegne om nynorsken, meiner Noregs Mållag.

Held på nynorsken: Elevane på Skjåk ungdomsskule held på nynorsken.   Foto: Illustrasjonsfoto/TE Solstad

Nyheiter

– Det er svært interessant å sjå at skiftet frå nynorsk til bokmål ved ungdomsskulane i Oppland har gått attende dei siste ti åra. Fleire av ungdomsskuleelevane i både Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå og Nord-Fron, i tillegg til Vang og Vestre Slidre i Valdres, held i dag på nynorsken gjennom heile ungdomsskulen enn for ti år sidan, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Målbytet frå nynorsk til bokmål var 7,6 prosent i ungdomsskulen i Skjåk for 10 år sidan. Tilsvarande målbytetal i dag er 0,4 prosent. Det vil seia at talet på bokmålselevar i Skjåk for ti år sidan var 21. I dag er det èin. Eit anna døme er Lom, der målbytet var 3,7 prosent og i dag er 0,8 prosent.

– Ungdomsskulekulla er sjølvsagt ikkje større enn at nokre få elevar gjer utslag i prosentutrekninga. Det er likevel oppløftande å sjå at det er ein trend i fleire kommunar at elevane i større grad held på nynorsken gjennom heile ungdomsskulen. Difor er det viktig for det nye fylket Innlandet å ha ein klår politikk som hegnar om nynorskelevane og nynorskbrukarane i fylket og sikrar at dei får sjå og bruke språket sitt, og at nynorskopplæringa har gode vilkår. Det er ekstra viktig at det nye fylket som eigar av dei vidaregåande skulane gjer det lett for nynorskelevane å halde fram som nynorskelevar også i vidaregåande, seier Aasbrenn.

I dag har 16,8 prosent av elevane i Oppland nynorsk som opplæringsmål, det vil seie 3.483 nynorskelevar i 13 kommunar. Nord i fylket, både i Nord-Gudbrandsdalen, Ottadalen og nord i Valdres, er det ein lang nynorsktradisjon.

Til helga, laurdag 26. og søndag 27. januar, held Noregs Mållag vinterseminar på Lillehammer der dei språklege konsekvensane av den nye fylkesstrukturen er eitt av fleire tema. Det vil vere innleiingar, og fylkespartia er inviterte til å delta i debatt.

Mållaget kjem til Lillehammer med eit historisk godt medlemstal for Austmannalaget, mållaget for Hedmark og Oppland minus Valdres. Laget har no 629 medlemar, meir enn på nesten 40 år. Veksten har vore særleg solid dei siste åra. Frå 2010 har medlemstalet auka frå under 400. Mållaget Ivar Kleiven i Vågå med 118 medlemar og det nye lokallaget Lom og Skjåk dialekt- og mållag med 52 medlemar har verva mange nye medlemar siste åra og er med på å bidra til å løfte fram nynorsken og målsaka.