Den nye rådmannen i Skjåk:

– Eg er ein lagspelar

Ivar Bø (51), nytilsett rådmann i Skjåk, startar i sitt nye virke den 1. april. Han gler seg.

Gler seg: – Eg gler meg til å bli kjent med dei tilsette og innbyggjarane i Skjåk, seier Ivar Bø, nytilsett rådmann i Skjåk kommune.   Foto: Privat foto

Nyheiter

Som kommunalsjef i Sørum kommune, der han er nå, har han stikk motsette utfordringar enn det han vil møte i Skjåk – i alle fall når det gjeld folketalsutviklinga.

– I Sørum er veksten i største laget. Ein folketalsauke på opp mot tre prosent enkelte år, har gjeve oss store utfordringar, faktisk så store at vi har arbeidd for å bremse utviklinga, fortel han.