Dette skjedde i Ottadalen i 2018

Del 1

Flaum: Ein historisk flaum råka øvre delar av Ottadalen i oktober. Bustadfeltet Blåbærmyra i Bismo var blant områda som fekk store øydeleggingar under flaumen.  Foto: Fjuken/arkiv

Ein halv million: Garden Riddersandbu i Vågå fekk tildelt 500.000 kroner frå Kulturminnefondet til restaurering.  Foto: Fjuken/arkiv

Landhandel: Saman med mannen kjøpte Ellinor Fosstuen Titus-bygget i Nordberg for å starte Ellinors Landhandel.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

JANUAR

Har kjøpt Nordberg skule

Brørne Afrim og Liridon Krasniqi har kjøpt Nordberg skule. Dei vil etablere ein internasjonal skule med mellom 50 og 100 elevar frå Russland, Kina og USA. Dersom alt går som planlagt, skal skulen opnast hausten 2019.

– Det vil bli ein del arbeidsplassar, og vi ser føre oss å samarbeide med lag og organisasjonar som har aktivitetar innanfor det skuleundervisninga tek føre seg, seier Afrim Krasniqi.

Dei gode hjelparane tek over

Arbeidstreningssenteret Dei Gode Hjelparane i Lom og Skjåk tek over etter småjobbkarane i Vågå. I fem år har ni pensjonistar teke på seg småjobbar i Vågå. Nå gjev dei arbeidet vidare til Dei Gode Hjelparane som vart etablert i Skjåk i 2012.

– Vi tek på oss mange varierte arbeidsoppgåver. Det er ope for kvan som helst å kjøpe tenester av oss, men vi prioriterer eldre og uføre, seier leiar Magne Thorstad i arbeidstreningssenteret.

Fyrste leigetakar

Rune Borgan Isaksen og Norsk Sarkoidose Forening er fyrste leigetakar i Kolbotn kontorfellesskap på Lalm. Nå startar arbeidet med å fylle opp kontorbygget. I fjor kjøpte Jon Bjørkheim og Odd Arne Dahlen ein brakkerigg av Statens Vegvesen på Lillehammer. Denne vart sett opp på Kolbotn industriområde på Lalm, og nå står det to etasjes kontorbygget klart for utleige.

Storskulen snart ferdig

I løpet av januar blir den 4.700 kvadratmeter store nyskulen i Bismo ferdigstilt. Det siste året har mellom 20 og 30 personar vore i sving kvar dag for å få ferdig nye Skjåk barne- og ungdomsskule i Bismo. Prosjektleiar Ola Aaboen i SEBB fortel at bygginga har gått på skinner.

– Det er heilt imponerandekor bra dette har gått. Alt har gått bra, utan dei store overraskingane undervegs. Alle som har vore med her har gjort ein utruleg god jobb, fastslår Aaboen. Nyskulen blir overlevert til kommunen den 5. juli, og blir teken i bruk av elevar og tilsette frå skulestart i haust.

Pris til Schakenda

Morten Schekenda er tildelt Det Norske Måltids heiderspris. Prisen vart delt ut av Wenche Andersen og Arne Brimi. Juryen skriv blant anna i si grunngjeving at «årets vinnar utøver sitt fag med kompromisslaus kvalitet i alle ledd».

Fortvila gardbrukarar

Hjorten er ei stor plage for gardbrukarane i Lom og Skjåk denne vinteren. Hjå Odd Erik Aukrust i nedre Bøverdalen har to hjortar stanga og ete hol på 36 rundballar. Gardbrukaren tykkjer det er merkeleg at det ikkje er mogleg å få fellingsløyve, altså ta ut skadedyra. Plan- og miljøvernrådgjevar Sander Sælthun i Lom kommune stadfestar at ein ikkje kan gje skadefellingsløyve for å avverge skade på hausta avlingar.

To nye advokatar

Advokatane Ingrid Lund og Anders Gustav Bjørnsen etablerer seg på advokatkontoret i Vågåmo. Dei to advokatane ser på Nord-Gudbrandsdalen som eit naturleg nedslagsfelt, men ser inga hindring til å sjå sørover mot Lillehammer eller nord til Oppdal.

Vigsling av altarduk

Kyrkjetenar Terje Blakarstuen fekk gebursdagsgåva han ynskte seg da ny altarduk vart vigsla i Lomskyrkja. Torill Smedsmo fekk oppdraget med å brodere duken. Nytt kyrkjelydshus vart også vigsla.

FEBRUAR

Ny søknad om montessoriskule

– Nå er det berre å krysse fingrane, sa Marianne Synslien Husom, styreleiar for Garmo Montessoriskule, etter at ny søknad om å etablere seg på Tessand nå er sendt.

Gruppa som arbeider for ein Montessoriskule i Lom har vendt augo austover.

– Vi har arbeidd for å etablere ein friskule i snart tre år i Lom. Nå vil vi heller satse på Tessand, seier Torstein K. Garmo.

Skal rive og byggje nytt

Finnkanten Eiendom AS skal rive den gamle OKB-garasjen i Vågåmo og setje opp eit nytt kontorbygg over to etasjar. OKB-garasjen vart sett opp fyrst på 1960-talet. Delar av garasjen vart rive for nokre år sidan for å gje plass til kommunale bustader. Ola P. Skogen fortel at det skal etablerast kontorfellesskap for Skogen Entreprenør, Trehuseksperten og Brun Bygg.

Fjernvarmeanlegg i Skjåk

Om alt går etter planen blir det starta opp med flisfyring i industriområdet i Bismo i løpet av året. Det er Skjåk Almenning som har teke initiativet til å sjå på moglegheita med eit fjernvarmeanlegg i industriområdet. Almenninga har fått med seg Lom Biovarme på laget, som har god erfaring med denne type oppvarming i Lom.

Ny dagleg leiar i radioen

Vibeke Oddvik frå Trøndelag gler seg til å ta fatt på jobben som dagleg leiar i Ottadalsradioen. I slutten av april flyttar ho til Skjåk og startar opp i den nye jobben. Ho tek over som dagleg leiar etter Emil Rustad.

– Eg gler med utruleg, og har mange tabkar i hovudet, seier Oddvik.

Bles nytt liv i alpinklubben

Entusiastar som var med i stortida til Tessand alpinklubb frå 1993 til 2006 bles nå nytt liv i klubben. Primus motor, da som nå, er Øistein Formo. Saman med Tor Ivar Furuset, Jon Dalen og Weldingh-brørne Brage og Tore, vil Formo gjenskape miljøet som var i klubben.

MARS

Konkurs

Lom Møbler AS er slege konkurs. Leiinga såg ikkje anna råd enn å gå til tingretten og melde oppbod.

– Det har vore krevjande økonomisk over lang tid, mellom anna med bakgrunn i låg omsetnad, seier styreleiar Terje Bøe.

Bemanningskutt

Budsjettkutt og ei seinvakt mindre på skjerma avdeling Fredly i Lom kommune, har utløyst sterke protestar frå tilsette og pårørande. Pleie- og omsorgssjef Oda Evy Øyen meiner situasjonen er forsvarleg.

Avsluttar samarbeidet

Vågå Ap avsluttar samarbeidet med Bygdalista.

– Det vil bli meir demokrati når ingen har reint fleirtal, seier Ivar Valdvik, leiar av Bygdalista i Vågå, etter at årsmøtet i Vågå Ap vedtok å avslutte den valtekniske samarbeidsavtalen med Bygdalista.

Redusert opningstid

Lensmannskontoret i Lom får redusert opningstid. Frå 1. april er Ottadalen lensmannskontor historie. Frå da blir Ottadalen ein del av Nord-Gudbrandsdalen lensmannskontor. Lensmannen blir plassert på Otta. Endringane innan lensmannskontora er eit resultat av politireforma.

Lensmannskontoret på Otta vil vere ope kvar dag, medan kontora i Lom og på Dombås vil få redusert opningstid. Etter påske vil lensmannskontoret i Lom vere ope måndagar, onsdagar og fredagar.

– At opningstida ved lensmannskontoret nå blir redusert, kom overraskande, seier ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom.

Han reagerer på at politiet gjer seg mindre tilgjengeleg for publikum, men seier det har vorte slik for fleire statlege etatar.

Skal drive Gjendeosen

Tor Andvord og Harald Rune Øvstedal i «Besseggen 1743» har fått tilbod om å drive Gjendeosen og Reinsvangen.

– Selskapet «Besseggen 1743» får tilbod om driftskontrakten fordi dei var best ut frå tildelingskriteria forretningsplan og driftsopplegg, seier plan- og prosessleiar for Gjendeosen i Statens vegvesen, Grete Kongshaug.

Fekk statsrådbesøk

– Dette er nok det mest usminka statsrådsbesøket du har vore med på. Eg har ikkje pynta eller nokon ting.

Det sa sauebonde Arne Bjørgen i Garmo da han tysdag fekk besøk av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Bjørgen tok opp fleire tema med landbruks- og matministeren, blant anna rovdyrproblematikken og lønsutviklinga innafor landbruksnæringa.

Attende til «Vassendgutane»

Skjåkværen Alf Rune Melby startar oppatt som steelgitarist i det populære festcountrybandet «Vassendgutane». Melby vart fast medlem i «Vassendgutane» i 2013. Han slutta i bandet i desember 2016, men nå blir han altså med att i det som er eitt av landets mest turnerande og populære band.

APRIL

Må ta ei pause

Lomsordførar Bjarne Eiolf Holø er sjukemeld, og Anne-Lise Marstein er fungerande ordførar inntil vidare. Det var fyrst i påska at ordføraren vart skadd. På tur opp til Krossbu på snøscooter skjedde det eitt eller anna med kneet. Fungerande ordførar Anne-Lise Marstein vedgår at det ikkje er berre-berre å bli kasta inn i rolla som ordførar.

– Men eg fekk beskjed tidleg i påska om at dette kunne bli utfallet, og har derfor brukt mykje tid på å belage meg og lesa meg opp i ulike saker, seier Marstein.

Roleg påske

Årets påske har vore roleg for dei som har vore i beredskap på fjellredningsstasjonen i Lom. I tillegg til to pilotar, hadde seks personar døgnvakt på stasjonen. Oppland Røde Kors registrerte 17 skadar i Nord-Gudbrandsdalen og ein leiteaksjon i Lesja i løpet av påsken.

500.000 til Riddersandbu

Garden Riddersandbu i Vågå har i alt 25 tømmerhus, fordelt på gard og seter. Nå har eigarane fått ein halv million kroner til restaurering av hovudbygningen. Fredag før palmehelga fekk ekteparet Astrid Brobakken Sandbo og Finn Gjesling Sandbo overrekt tildelingsbrevet frå Kulturminnefondet. Dei eig Riddersandbu i Vågå og har fått tildelt 500.000 kroner til restaurering av hovudhuset på garden.

Direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen, kunne under overrekkinga før påske fortelje at beløpet dei har fått er langt høgare enn snittet når det gjeld tildelingar frå fondet.

Nytt elektrofirma

I kjølvatnet av konkursen i Ottadalen Installasjon AS har fem elektrikarar i Skjåk starta sitt eige elektrofirma. Dei fem elektrikarane Nils Ole Dagsgard, Rolf Rakstad, Håvard Morken Gartland, Lars Kristian Sperstad og Stig Arne Moen har alle kjøpt seg inn i selskapet Bismo Elektro AS. Dette selskapet har dei siste åra vore drive som eit konsulentfirma med begrensa aktivitet. Torstein Morken, som stod som eigar av selskapet, har òg kjøpt seg inn i det ein nå kan kalle nye Bismo Elektro AS. I tillegg til dei seks på eigarsida, er Mikkjel Eggen tilsett som lærling.

Triveleg kappleik

Ottadølane gjekk til topps i fleire klasser under Gudbrandsdalskappleiken på Otta. Det vart ein triveleg kappleik, med over 200 deltakarar og mykje publikum.Det var Sel og Otta spelemannslag som stod som arrangør.

Legg ned kontoret i Vågå

Helfo sitt kontor på Ysteriet i Vågå blir lagt ned. Når, får ein svaret på i juni. Tre statlege arbeidsplassar blir borte når Helfo sitt kontor på Ysteriet i Vågåmo blir lagt ned.

Ny idrettslagsleiar

Monika Larsen frå Sandvika er tilsett som ny felles dagleg leiar i Lom IL og Skjåk IL. Larsen er 34 år. Ho er frå Brekstad i Trøndelag, men er nå busett i Sandvika.

MAI

Snart opnar landhandelen

Siste helga i mai opnar Ellinors Landhandel i Nordberg.

– Nå gler eg meg skikkeleg til å få opna, seier Ellinor Fosstuen i Skjåk.

Saman med mannen Nils Henry Fosstuen kjøpte ho det såkalla «Titus-bygget» i Nordberg seinhaustes. I fleire titals år dreiv Titus Aaboen, og etter kvart sonen Svein, butikken fram til dørene vart stengde i 2008. Om nokre veker blir det liv att i butikklokala i Nordberg. Da opnar Ellinors Landhandel.

Vågå slo Kvam

Vågå trakk det lengste strået i ein jamn og fartsfylt kamp mot Kvam i sesongstarten 1. mai. Vågå vann 2-1 over heimelaget da fotballsesongen i 6. divisjon vart sparka i gang i Kvam idrettspark.

Personalet kjenner seg krenka

Dei tilsette på Vågåheimen kjenner seg uthengt etter at Vågåheimens Venner har kome med krass kritikk mot fleire forhold på sjukeheimen, blant anna personalet.

– Dette er trist og leit, seier kommunalsjef Jan Egil Fossmo, som reagerer på at ei heil yrkesgruppe blir stigmatisert av påstandane som blir framsett i brevet frå venneforeininga.