– Dette er rett og slett trist, seier skjåkordførar Elias Sperstad:

Blir stengt for tyngre bilar

Når Gamle Strynefjellsvegen opnar til våren, vil han vera stengt for mellom anna turbussar.

Turistveg: Gamle Strynefjellsveg går gjennom eit flott landskap på fjellet mellom Skjåk og Stryn. Nå blir han stengt for tyngre køyrety. 

Nasjonale turistvegar
  • 18 utvalde strekningar som skal gjeva unike opplevingar og vera eit alternativ til hovudvegen.
Nyheiter

– Frå våren 2019 har køyrety over 8 meters lengde og med over 8 tonns akseltrykk ikkje lov til å køyre Gamle Strynefjellsvegen, fylkesveg 258 på strekninga Grotli - Sogn og Fjordane grense, heiter det i ei melding frå Statens vegvesen.

Bygt i 1894

Gamle Strynefjellsvegen vart bygt for hest og kjerre i 1894. Den smale og svingete vegen er nasjonal turistveg med stor turisttrafikk og blir òg brukt som transportveg for hyttefolk og til friluftsaktivitetar som jakt, turgåing, sykling og aktivitetar ved Stryn Sommerskisenter.

– Køyretya blir stadig større og belastninge er større enn kva den historsike vegen tolar. Det har difor vore utfordrande å oppretthalde standarden på vegen, seier vegvesenet.

Freda i 2009

Vegstrekninga vart freda i 2009. Formålet med fredninga er å ta vare på ein godt bevart veg som er ein viktig del av norsk samferdselshistorie. Fredninga inneber restriksjonar på både dekke og utviding av vegen. Vegen er smal, svingete og har få møteplassar.

For å sikre standarden og for å oppfylle fredningskrava vart vegen på Opplandssida restaurert i 2018. Nødvendig reinsking av murar og grøfter, og oppsetjing/restaurering av stabbesteinsrekkene har ført til ein smalare veg.

Dialog med berørte partar

Oppland fylkeskommune har på bakgrunn av fredningsvedtaket og vegens tilstand, diskutert ulike løysingar med reiselivsnæringa. Fylkeskommunen har, saman med Statens vegvesen og Nasjonale Turistveger, kome til semje om at den beste løysinga er å stenge vegen for store og tunge køyrety.

– Oppland fylkeskommune er vegeigar og vi må ta ansvar for at det skal vera ein så sikker veg som mogleg. Avgjerda er basert på faglege vurderingar og hensynet til fredninga, seier leiar av komite for samferdsel og trafikktryggleik, Anne Elisabeth Thoresen (Ap), i Oppland.

Forbodet vil bli iverksett frå opninga av vegen 10. juni 2019.

Slutt på overlandkøyring

Ordførar Elias Sperstad i Skjåk tykkjer ikkje noko om dette forbodet.

Eit forbod mot å køyre buss vil bety slutten for ein viktig og tradisjonsrik sommartrafikk frå fjord til fjell.

– Det er rett og slett trist at det blir slutt på ein hundreårig tradisjon som overlandkøyringa er, seier han. Cruiseturistarne har opplevd ei veghistorisk perle når dei har vore med bussar og køyrt Gamle Strynefjellsvegen, seier Sperstad.

Han er uroa for kva som vil skje i neste omgang.

– Det har lenge vore vanskeleg å halde vegen vedlike, og vegen blir uansett tæra på. Vil det neste steget bli at vegen blir ein kjerreveg att?

Fast dekke

Sjølv om forbodet om tunge køyrety blir innført, seier Sperstad at dei framleis har ein kamp å kjempe når det gjeld vegen.

– Vi må framleis arbeide for at vegen får fast dekke. Det vil bli ein kamp, særleg sidan Riksantikvaren har verna vegen, seier ordføraren.

Denne veka er vegen, og det som nå skjer i samband med forbodet, eit tema på eit møte mellom Sperstad, ordførar i Stryn, Sven Flo og samarbeidsselskapet Gode Vegar.