Skal gje europearar smaken av fjellet

Brimi Sæter, Valbjør Gard og Opplæringskontoret Brimi-kjøken skal representere Fjell Norge under Internationale Grüne Woche i Berlin mellom 18. og 27. januar.

Smak av fjell: Fjell Norge skal gje tyskarar ein smak av fjellet under Internationale Grüne Woche. Det er 84. gong at messa blir arrangert. Noreg deltek for 32. gong. Det er venta kring 400.000 besøkjande på messa som er ei av verdas største for mat, gartneri og landbruk.  Foto: Cathrine Dokken

Nyheiter

Fjell Norge er igjen plukka ut som ein av tre regionar som skal representere Norge under Internationale Grüne Woche i Berlin 2019. Fjellområda som strekkjer seg frå Røros-traktene i nord til Setesdal i sør skal fremme fjellets smakar og opplevingar for andre år på rad, på ein av verdas største mat- og reiselivsmesser.

– Debuten på Internationale Grüne Woche i fjor, gav meirsmak for Fjell Norge. Vi har tru på at vår kombinasjon av rein og trygg lokalmat, berekraftig landbruk og opplevingar tett på naturen er høgst salbar i Berlin, seier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket, som er prosjekteigar for Fjell Norges deltaking.


Levende bygder og kulturlandskap
Dei 24 deltakarbedriftene som er plukka ut frå Fjell Norge, strekkjer seg over fem fylke; Hedmark, Oppland, Buskerud, Telemark og Aust Agder.

Frå Oppland deltek Brimi Sæter, Valbjør Gard, Opplæringskontoret Brimi-kjøken, Noraker Gard og Piltingsrud gard.

– Våre deltakarar representerer levande fjellbygder med stolte tradisjoner. Lokale matprodusentar tilbyr både tradisjonell bondekost og rustikk gourmetmat, og osteprodusentane i regionen er i ferd med å yste seg inn i verdseliten. I kombinasjon med bedrifter som har spesialisert på uteaktivitetar tett på dyr og natur, meiner vi at vi har ein formel som treffer reiselivstrendene, seier Randen.

Hans Brimi frå Brimi Sæter er hovudkokk på Fjell Norge sin stand og tek med seg ei rekkje eksklusive råvarer som gjev maten som blir servert ein smak av fjellet. Blant anna står vilt, rakfisk, bær, saftige og sylta grønsaker og ei rekkje ostar på menyen.


Framtidas fjellgenerasjon
I tillegg til etablerte mat- og reiselivsbedrifter har Fjell Norge invitert med seg heile fem kokkelærlinger frå regionen.

– Vår deltaking på Internationale Grüne Woche har ein agenda som også strekkjer seg utover messedagane i Berlin. Det er viktig for oss at den yngre generasjonen skal få oppleve etterspurnad og forventningar frå svoltne og reiselystne europearar og byggje stoltheit for det vi kan tilby i Fjell Norge også i framtida, seier Randen.