Panterekord for Røde Kors

Røde Kors i Oppland fekk inn heile 800.000 kroner frå Pantelotteriet i 2018. Dette gjev også pengar i kassa til dei lokale hjelpekorpsa.

Pantelotteriet: Totalt fekk Røde Kors 47 millioner kroner fra Pantelotteriet i 2018, ein auke på ti millionar kroner siden 2017. Halvparten av disse midlane gjekk til dei lokale Røde Kors-avdelingane. Vågå Røde Kors og Lom og Bøverdalen Røde Kors er blant dei 24 lokallaga som får pengar frå Pantelotteriet.  Foto: Katrine Lunke

Nyheiter

Totalt fekk Røde Kors 47 millionar kroner frå Pantelotteriet i 2018, ein auke på ti millionar kroner sidan 2017. Halvparten av desse midlane gjekk til dei lokale Røde Kors-avdelingene.

– Midlane frå Pantelotteriet gjer Røde Kors i stand til hjelpe fleire på en betre måte, seier dagleg leiar i Oppland Røde Kors, Hanne-Gunn Røraas i ei pressemelding.

Ho takkar alle som trykker på Røde Kors-knappen.

Pengane blir blant anna brukt til innkjøp av utstyr, kurs og opplæring og ei rekkje forskjellige aktivitetar.

– Røde Kors i Oppland er til stade i alle lokalsamfunn. Vi tilbyr aktivitetar og ferieopphald for barn og familiar. Stadig fleire eldre og einslege ynskjer seg og får ein Røde Kors besøksvenn. Hjelpekorpsa er i beredskap kvar dag heile døgnet, og dei friviljuge rykkjer ut ved ulykker og sjukdom, leiteaksjonar og har spesialkompetanse på redning i fjellområde, ved skred og på vatn, seier Røde Kors-leiaren.

I Oppland har Røde Kors over to tusen friviljuge, som jobbar utan betaling.
– Våre frivillige er til stade for menneske i utsette livssituasjonar. Når du bruker panten din i Pantelotteriet støttar du Røde Kors, dei friviljuge og alle dei som vi hjelper, seier Røraas.

Vågå Røde Kors og Lom og Bøverdalen Røde Kors er blant dei 24 lokallaga som får pengar frå Pantelotteriet.

For 2018 får Vågå Røde Kors 7.184 kroner og Lom og Bøverdalen Røde Kors 6.244 kroner.