Oline og Ola toppar sine klasser

Oline Vestad frå Vågå ligg på andreplass i si klasse og Ola Aurmo frå Lom leiar si klasse i Gålå Cup. Til helga er det nytt skirenn.

Andreplass: Oline Vestad frå Vågå ligg på andreplass i si klasse i Gålå Cup.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Gålå Cup er ein krinscup for 15- og 16-åringar som har løparar frå heile Oppland. Det er dei seks beste av sju renn som tel. 

Gålå Cup starte med Arne Rustadstuens Minneløp på Birkebeiner skistadion på Lillehammer den 15. desember.

Her vart Oline Vestad nummer to i si klasse, jenter 15 år. Ola Aurmo vart nummer tre i si klasse,  gutar 16 år.

Den 30. desember gjekk Nyttårsrennet på Beitostølen. Her vart Oline vart nummer to i si klasse og Ola nummer fire i si klasse.

Til helga er det KM fri teknikk enkeltstart i Karidalen. 27. januar er det KM klassisk på Dombås, Rudsbygdrennet den 23. februar, Øverbysprinten de 17. mars, før det heile blir avslutta med duathlon på Lygna den 6. april.

Etter to renn ligg Oline Vestad på andreplass i si klasse, med 92 poeng, eitt poeng bak Maria Lykken Hamre frå Søre Ål som leiar.

Ola Aurmo toppar si klasse etter to renn, med 89 poeng. Han er to poeng føre andremann.

Klubbkamerat Jo Mallaug som går i same klasse, ligg på 20. plass, med berre eitt renn.

På topp: Ola Aurmo frå Lom leiar si klasse i Gålå Cup.  Foto: Arve Danielsen/arkiv