Frå Vianvang til Norgescup i Stavanger

Thomas Ekle Løken og Camilla Brendjord Hetland reiser i dag til Stavanger for å delta i Norgescup for kokkelærlingar.
Nyheiter

Til helga er det «matsuperhelg» i Stavanger der landets matbransje, produsentar og lærlingar samlast til konkurransane Det Norske Måltid og Norgescup for kokkelærlingar.

Thomas Ekle Løken frå Garmo og Camilla Brendjord Hetland frå Lesja skal representere Opplæringskontoret Brimi-kjøken i Norgescup for kokkelærlingar.

Dei to 19-åringane er lærlingar på andre året hjå Arne Brimi på Vianvang og skal konkurrere mot 40 andre lærlingar  i konkurransen om å bli kåra til dei beste kokkelærlingane i landet.

Fredag skal Thomas og Camilla i elden saman med 20 andre kokkelag. I konkurransen skal dei lage mat med tildelte råvarer der dei blir måla på tid, kvalitet, gjennomføring og smak.

Årets ingrediensar er torsk, okse, alpeost, tindved og graskar.

Thomas og Camilla seier at menyen ikkje er hemmeleg, men dei vil ikkje røpe korleis dei skal lage rettane.

I semifinalen fredag er det torsk som står på menyen. Som tilbehøyr skal dei bruke to valfrie grønsaker til. Til dessert skal dei lage Terte Tatin med sabayonne som er fransk eggedosis.

Kjem dei to kokkelærlingane frå Vianvang til finalen laurdag, er det ein meny til å få vatn i munn av.

Til forrett skal dei lage graskar, biff Wellington til hovudrett og desserten skal innehalde tindved, ei oransje bær som veks ved kysten, mjølkesjokolade og eit sprøtt bakverk.

Målet er å vere eitt av dei seks laga som kjem til finalen. Camilla var med under Norgescup i fjor, men vart sjuk og måtte trekkje seg før finalen.

Thomas og Camilla har førebudd seg godt.

– Vi har prøvd mykje ut frå dei råvarene vi skal bruke i konkurransen, seier Thomas som fortel at dei har hatt fire gjennomkøyringar av semifinalemenyen.

– Kva er grunnen til at dykk valde å satse på kokkeyrket?

Camilla fortel at søster Anette var kokkelærling på Bessheim og at det inspirerte henne til å følgje i spora hennar.

– Eg arbeidde på Bessheim og var med Bjørn Ekerbakke på kjøkkenet. Eg tykte det såg artig ut, seier Thomas.

Thomas og Camilla har brukt Vianvang som treningsarena.  Både Arne Brimi og Kristoffer Hovland har vore god hjelp og som har kome med gode tips til dei to kokkelærlingane.

– Vi gler oss, seier Thomas og Camilla som ser på Norgescupkonkurransen som ein stor inspirasjon å vere med på.

Og som lærlingar frå Opplæringskontoret Brimi-kjøken og frå Vianvang, blir ein lagt ekstra merke til.

– Kva betyr denne konkurransen?

– Her får ein ikkje minst møte andre lærlingar. Ein vil også møte profilerte kokkar som vil leggje merke til prestasjonane. Og kanskje kan det ende i ein framtidig jobb som kokk, seier lagleiar Sindre Rusten.

Silje Cathrine Moldal frå Heidal som er lærling på Furuhaugli på Dovrefjell, er med som reserve.

Her kan du følgje Thomas og Camilla i konkurransen. Norgescup