Krev betre vintervedlikehald

Ordførarane i Lom og Vågå vil ikkje lenger akseptere at Statens vegvesen ikkje prioriterer betre vintervedlikehald på riksveg 15 gjennom Ottadalen.

Krev betre vedlikehald: Ordførarane i Lom og Vågå krev betre vintervedlikehald av riksveg 15 gjennom Ottadalen.  Foto: Arve Danielsen/ Arkiv

Nyheiter

I eit brev til seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen har lomsordførar Bjarne Eiolf Holø og vågåordførar Iselin Vistekleiven nå bede om eit møte for å diskutere førebyggjande tiltak.

– Det er uhaldbart at yrkessjåførar skal måtte kvi seg for å køyre etter riksveg 15. Dei har trass alt vegen som sin arbeidsplass og eit stort ansvar når dei fører ein buss med mange passasjerar eller eit fullasta vogntog. Ingen skal måtte kvi seg for å utføre jobben sin. I tillegg til dei som har jobben sin etter vegen er det mange andre som også er avhengige av å nytte riksveg 15 til og frå jobb, uansett tidspunkt på døgnet, seier Holø og Vistekleiven i ei pressemelding.

Ordførarane ynskjer at entreprenørane som kjenner veg og føreforholda best skal få lov av Statens vegvesen til å setja inn preventive tiltak og strø før det blir for glatt.