Ulykkesmarkering i Bismo:

Eit ljos for kvar råka

Eit ljos vart tent langs riksvegen for kvar omkomne og skadde i trafikken i Oppland i 2018.

261: Ungdomsskuleelevar hadde tent 261 faklar etter riksvegen gjennom Bismo. Ein for kvar som vart råka av ei trafikkulykke i 2018. 

heidra: Ambulansearbeidarane er mellom «bljåljosfolket» som blir heidra ved ulykkesmarkeringa. 

tenning: Skjåkordførar Elias Sperstad får fyr på fakkelen før togavgang ved skulen. 

Nyheiter

Paradoksalt nok vart skjåkværane denne markeringsdagen vekt av to bussulykker. Til alt hell vart ingen alvorleg skadde i dei to ulykkene.

Ordførar Elias Sperstad kom inn på den lokale beredskapen i forkant av ulykkesmarkeringa.

– Vi fekk i dag tidleg sjå kor viktig den lokale beredskapen er når slike ting skjer. Den lokale beredskapen er viktig. Ingen skal ta frå oss den lokale beredskapen, understreka Sperstad.

Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) arrangerer kvart år ei ulykkesmarkering til minne om dei som omkom i trafikkulykker i Oppland i 2018.

I år var markeringa lagt til Skjåk. Det var den 23. markeringa i rekka.

Støtte og takk

Markeringa skal også vera ei støtte for pårørande, trafikkskadde og yrkespersonell som til dagleg arbeider med trafikkulykker. Markeringa vart i år gjennomført i samarbeid med Skjåk kommune og Den norske kyrkja.

Leiar i FTU, Gunnar Tore Stenseng, opna markeringa før nestleiar Anne Thoresen heldt ei tale for dei frammøtte ved Skjåk barne- og ungdomsskule.

Endre Skjåk deltok med diktlesing før fakkeltoget tok ei runde i Bismo. Gjennom heile Bismo var det tent faklar etter riksvegen. 261 i talet.

Markeringa heldt fram i Skjåk kyrkje med messe leia av biskop Solveig Fiske. Der deltok òg politimeister Johan Brekke.

Statistikk

Fire personar omkom i opplandstrafikken i 2018, ein av dei, ein utanlandsk statsborgar, omkom i ei motorsykkelulykke i Bøverdalen.

44 vart hardt skadde.

Talet på trafikkdrepne går stadig nedover i Noreg. Det skuldast mellom anna betre vegar, tryggare bilar og haldningsendringar.

I 1970 mista 560 menneske livet i trafikken i Noreg, og talet på drepte har gått ned til 108 i 2018.

I perioden 2015-2018 mista fire personar livet i trafikken i Ottadalen og 15 vart hardt skadde.

Styresmaktene har vedteke den såkalla nullvisjonen; ein visjon om eit transportsystem som ikkje fører til tap av liv eller varig skade.