Svein Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss AS om bussulykka i Skjåk:

Vil ikkje bidra til spekulasjonar

– Ut over at det var glatt og blåste, skal vi ikkje spekulere meir om årsak til ulykka, seier Svein Arne Vik i Nettbuss AS.

Marknadssjef: Svein Arne Vik i Nettbuss.  Foto: Nettbuss

Nyheiter

Bussulykke i Skjåk i natt

Ein buss med 26 passasjerar bles av riksveg 15 ved Skjåk kyrkje i natt, sklei 30 meter ut på eit jorde før den velta.

 

- Vi har snakka med sjåføren i bussen som velta samt sjåføren i ekspressbussen på veg til Måløy som køyrde saman med den andre bussen. Ut over at det var glatt og blåste, skal vi ikkje spekulere meir om årsak til ulykka, men vi konstaterer at også ein lokal rutebuss køyrde av vegen i same området litt seinare på morgonen, seier Vik.