Bussulykke i Skjåk i natt

Ein buss med 26 passasjerar bles av riksveg 15 ved Skjåk kyrkje i natt, sklei 30 meter ut på eit jorde før den velta.

Ullykke: Ein buss bles av vegen og velta på riksveg 15 ved Skjåk kyrkje i natt.   Foto: Arkiv

Bles av vegen: Bussen bles av vegen, sklei ut på eit jorde der den velta.   Foto: Politiet

Nyheiter

Klokka 04.18 natt til tysdag var det ein buss som køyrde av riksveg 15 i Skjåk ved Skjåk kyrkje.

Det var 26 passasjerar i bussen, pluss sjåfør.

Bussen bles av vegen, sklei 30 meter ut på eit jorde før den velta.

Politiet melder at det er svært glatt på staden.

Dei fleste passasjerane er uskadd. Ein person vart køyrt i ambulanse med kuttskader i hovudet. Ei dame vart køyrt traumemottaket på Lillehammer sjukehus med smerter i bryst og nakke.

Resterande personell er køyrt til kommunehuset i Skjåk, der dei blir undersøkt av helsepersonell.

Klokka 06.36 køyrde ein ny buss av vegen, cirka 2,5 kilometer aust for same ulykka. Det er ikkje meldt om personskader her.

Vegfarande tysdag morgon må vere merksame på at det er svært glatt på riksvegen. Ved Soglo har det blåse eit tre over vegen. Her står det ein politibil med blåljos.

Saka blir oppdatert.

I grøfta: Rutebussen som har sklidd av vegen på Melbygata.   Foto: Hans Erik Kjosbakken