Du er ein del av beredskapen

Kva gjer du om straumen skulle bli borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, eller det ikkje er vatn i springen?

Dette bør du ha i huset: Når samfunnet blir råka av ei stor hending er det mange som treng hjelp. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) starta nyleg ein kampanje der målet er å styrke medviten og kunnskapen om eigenberedskap blant befolkninga. Dette er noko av utstyret DSB meiner du bør ha i hus for å greie deg sjølv i tre døgn.   Foto: DSB

Nyheiter

Når samfunnet blir råka av ei stor hending er det mange som treng hjelp. Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn der vi er vande med at det meste fungerer som det skal. Livet i Noreg er likevel heilt avhengig av mellom anna straum, vatn og internett - og nettopp det er vår største sårbarheit.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) lanserte nyleg ein kampanje for å styrke medviten og kunnskapen om eigenberedskap blant befolkninga. Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjera for å førebu seg mest mogleg om noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avlaup. DSB si befolkningsundersøking syner at innbyggjarane er lite førebudd på ei eventuell krise.

Her er DSB sitt døme på kva ein bør ha i hus for å klare seg sjølv i tre døgn (per person):

• 9 liter vatn

• To pakker knekkebrød

• Ei pakke havregryn

• Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat

• Tre boksar pålegg med lang haldbarheit

• Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade

• Medisinar du er avhengig av

I tillegg bør du i fylgje DSB ha fylgjande i hus:

• Ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming

• Grill eller kokeapparat som går på gass

• Stearinljos, lommelykt med batteri og parafinlampe

• Fyrstikker eller lighter

• Varme klede, pledd og sovepose

• Fyrstehjelpspakke

• Batteridriven DAB-radio

• Batteri, batteribank og mobilladar til bilen

• Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel

• Tørke- eller toalettpapir

• Litt kontantar

• Ekstra drivstoff og ved/ gass/ parafin/ raudsprit til oppvarming og matlaging

• Jod-tablettar ved atomhendingar

– Vi ber deg tenkje gjennom kva som kan skje der du bur, korleis du og dei rundt deg kan bli råka, og korleis dykk kan handtere det. Ver førebudd på at du og familien din kan greie dykk sjølve i minst tre dagar, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

Kjelde: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap