DMT har utvida staben i Skjåk

Marknadsføringsbyrået DMT AS har utvida i fleire omgangar etter etableringa i Skjåk i 2016. Nå er ein fjerde person tilsett ved avdelinga i Bismo.

Skjåkavdelinga: Nå er dei fire personar ved DMT si avdeling i Skjåk. Frå venstre: Designar og prosjektleiar Hilde Kielland Mølmen, fotograf og filmprodusent Edvard Mølmen, designar Merete Dagsgard og avdelingsleiar Tormod Sperstad.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Frå nyttår vart dei i alt fire personar ved avdelinga i Skjåk. Merete Dagsgard er nytilsett som grafisk designar og konseptutviklar, og bidreg med dette til at breidda i kompetansen til byrået blir enda større.

– Merete er rett og slett ein av dei dyktigaste designarane vi har både i og utanfor dalstroket vårt. Ho har lang og solid erfaring frå både små og store reklamebyrå, seier avdelingsleiar i Skjåk, Tormod Sperstad.

Merete har drive som sjølvstendig næringsdrivande sidan 2015, med sitt firma MD Design.

– Nå vil det bli hundre prosent DMT, og det blir godt å ha enda fleire fagfolk å lene seg på. Det er ikkje like enkelt å stå sjølv, seier Merete, som ser fram til å jobbe i marnadsføringsbyrået.

I alt jobbar det nå ni personar ved dei to avdelingane til DMT AS, i Alvdal og Skjåk.