1.700 kroner og to prikkar

Blir du stoppa fire gongar på tre år av politiet for å ha brukt mobiltelefonen bak rattet medan du køyrer, blir du førarkortlaus.

Mobilbruk: I tillegg til eit førelegg på 1.700 kroner, vil du nå få to prikkar i førarkortet om du blir stoppa av politiet for å ha brote mobilforbodet.  Foto: Illustrasjon/ Tom Erik Solstad

Nyheiter

Fram til nå har førarar som har brote mobilforbodet fått eit forenkla førelegg, og «ferdig med det». Men frå 1. januar i år vart regelverket endra. I tillegg til eit førelegg på 1.700 kroner, vil du nå få to prikkar i førarkortet om du blir stoppa av politiet for å ha brote forbodet.

Det betyr at om du i løpet av tre år blir stoppa fire gongar for regelbrotet, ryk førarkortet. Det er nemleg slik at om du får åtte prikkar i førarkortet i løpet av tre år, så mistar du retten til å køyre i seks månader.

Førarar med prøveperiode, blir straffa med dobbelt med prikkar, og får altså fire prikkar når dei blir stoppa for å ha brote mobilforbodet.