Felles akuttberedskap for barnevernet på plass

Det er nå krav om at alle kommunar i landet skal ha ei beredskapsvakt for barnevernet. Frå i dag, fredag, er beredskapen på plass i Nord-Gudbrandsdalen.

Regionalt samarbeid: Det er etablert felles akuttberedskap for barnevernet i Nord-Gudbrandsdalen. Bak f.v.: Jan Egil Fossmo (rådmann i Vågå kommune), Bjørn Bakke (kommunalsjef helse i Lom kommune), Liv Olasveen (tenesteleiar helse i Vågå kommune) og Therese Hole (sektorsjef helse og omsorg i Lesja kommune). Fremst f.v.: Iren Ramsøy (kommunalsjef helse og omsorg i Sel kommune), Hege Lorentzen (helse- og rehabiliteringsleiar i Dovre kommune) og Hilde Reitan (kommunalsjef helse og omsorg i Skjåk kommune).  Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv

Nyheiter

Dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har valt å løyse kravet om at alle kommunar skal ha ei beredskapsvakt for barnevernet, ved å samarbeide om ei felles regional løysing.

Frå i dag, fredag, er det etablert felles akuttberedskap for heile Nord-Gudbrandsdalen. I samband med dette er det oppretta ein eigen vakttelefon. På kvardagar vil vakttelefonen vera operativ frå etter kontortid på ettermiddagen og fram til morgonen etter. På helg og heilagdagar vil vakttelefonen vera operativ heile døgnet.

Den regionale akutte beredskapsvaktordninga for barnevernet har som mål å ta seg av hendingar som er så akutte at det er fare for liv og helse – hendingar som ikkje kan vente til neste vyrkedag. I kontortida på kvardagar er det dei aktuelle barnevernstenestene i kommunen som tek i mot telefonar.