Bodil og Bjørn Andreas tek offisielt over Spiterstulen

Spiterstulen har vore drivi av Sulheim-familien i generasjonar. Slik blir det også framover.

Klare: Bodil og Bjørn Andreas Ovesen har formelt teke over som drivarar av Spiterstulen.  Foto: Privat

Nyheiter

Ekteparet Bodil og Bjørn Andreas Ovesen har drivi den tradisjonsrike turisthytta i fleire år, saman med Bjørn Andreas sine foreldre. Nå har «ungfolket» formelt teke over.

Saman med dei tre sønene sine er dei klare for det.

– Spiterstulen har vore drivi av same familie gjennom generasjonar. Nå vil vi føre tradisjonane og verdiane vidare som vertskap, seier Bjørn Andreas Ovesen, som har vakse opp midt i «fjellfatet» på Spiterstulen.

Bodil og Bjørn Andreas har gjennom dei siste 20 åra fått grundig opplæring og er meir enn klare for oppgåvene som ventar.

– Vi er likevel audmjuke ovanfor verdiane og ideologien vi skal forvalte. I byrjinga, på 2000-tallet, var vi fire generasjonar som var involvert i drifta – noko vi har hatt stor nytte av, fortel dei to.

Dei seier òg at dei ynskjer ein breiare bruk av fjellet og vern gjennom bruk.

– Fjellet skal vera for alle, og det skal gje meistring å ferdast i naturen. Vi vil jobbe for eit såkalt «lågterskel friluftsliv», seier Bodil og Bjørn Andreas.