Fekk mobbeombodet på besøk

– Foreldresamarbeid er viktig. Bygg gode vaksennettverk, sa mobbeombod Eva Bueie Nygård da ho onsdag held føredrag for tilsette i skule og barnehage i Vågå kommune.

Fokus på mobbing: Siv Kristin Paulsen og Nina Løkken Bråten frå prosjektgruppa om inkluderande læringsmiljø i Vågå kommune, saman med mobbeombod Eva Bueie Nygård (midten). Mobbeombodet var invitert for å prate om mobbing under planleggingsdagen for barnehagane og skulane i kulturhuset onsdag.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Eva Bueie Nygård er Oppland fylke sitt fyrste mobbeombod. Stillinga er ein del av eit nasjonalt prosjekt og skal i fyrste rekkje vare i halvanna år. Ho byrja i stillinga 1. september 2018.