Snart til sals – på nytt

Det har vore mykje att og fram når det gjeld salet av Nordberg skule. Nå set Skjåk kommune punktum.

Ny runde: Snart vil det bli høve til å kjøpe Nordberg skule.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Kjøparane av Nordberg skule, som ville etablere ein internasjonal skule i det nedlagte skulebygget, har ikkje skrive under kjøpekontrakta. Dei har heller ikkje betalt salssummen innan fristen.