300 påmeldte på under eit døgn

– Det er vel fyrste gongen at så mange har meldt seg på så tidleg.

Mange påmeldte: Berre nokre dagar etter at påmeldinga opna er det påmeldt 340 køyrety til årets veteranbilløp «Flåklypa Grand Prix».  Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv

Nyheiter

Det seier Ane Randen Skamsar i Skjåk som er løpsleiar for det tradisjonsrike veteranbilløpet «Flåklypa Grand Prix» som blir arrangert i Lom og Skjåk siste helga i mai kvart år.

Frå påmeldinga vart opna ved midnatt nyttårseftan, og fram til utpå ettermiddagen 1. nyttårsdag, var det påmeldt 300 køyrety. Det er fyrste gongen at det kjem så mange påmeldingar under eit døgn etter at påmeldinga opnar.

Løpsleiaren kan onsdag fortelje at talet nå er oppe i 340 køyrety.

– Eg har ikkje noko fasit på kvifor folk har vore så ivrige til å melde seg på akkurat årets løp, men det er vel mange som vil starte tidleg, kanskje, seier Ane Randen Skamsar.

Startlista blir nemleg sett opp fortløpande når påmeldingane kjem, der den fyrste som melder seg på blir nummer éin, den andre nummer to, og så vidare.

Sjølv om mange melder seg på veteranbilløpet år etter år, kan Ane Randen Skamsar fortelje at det er ein del nye namn på deltakarlista i år.

– Det er utruleg bra at det er så stort engasjement, og at så mange vil delta på løpet, seier Randen Skamsar.

Løpsleiaren fortel at det i fjor var i alt 494 påmeldte køyrety til «Flåklypa Grand Prix», men at det ikkje var alle av desse som stilte til start.

Årets veteranbilløp blir arrangert i Lom og Skjåk laurdag 25. mai. Påmeldingsfristen er 1. mai.