Hus totalskadd i brann i Vågå

Ingen vart skadd da det brann i eit hus i Vågåmo seint fredag kveld.

Brann: Eit hus i Pyntholvegen i Vågåmo vart seint fredag kveld totalskadd i ein brann.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Røykdykkarar frå brannvesenet i Vågå var raskt på plass, fekk sløkt brannen og stadfesta at det ikkje var folk i huset i Pyntholvegen i Vågå sentrum. Dei fekk redda ut ein katt.

– Bebuarane i huset var ikkje til stades, seier skadestadsleiar Jonny Gundersen.

Han fortel at brannen truleg starta i inngangspartiet til huset, at dette er utbrent og at huset er såpass røyk- og sotskadd at det må totalrenoverast.

Politiet vil starte undersøkingar for å finne brannårsaken.

Også mannskap frå Lom og Skjåk brannvesen kom til staden, men det var ikkje fare for spreiing til nabohusa.