Nærpolitireformen fjernar passet

Frå 1. januar må Nord-Gudbrandsdølar til Otta for å få nytt pass.

Slutt i Lom: Det er ikkje lenger råd å skaffe seg pass på lensmannskontoret i Lom.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det har vore klart ei stund, at «passkiosken» blir fjerna frå lensmannskontora i Lom og på Dombås. Frå 1. januar er det ein realitet.

Grunnen til fjerninga er, i fylgje ei pressemelding frå Innlandet politidistrikt, for å møte dei høge internasjonale krava og forventningane til korleis norske pass skal utstedast. Lokala skal vera fysisk sikra og medarbeidarane skal ha ID-fagleg kompetanse.

Til avisa GD seier lomsordførar Bjarne Eiolf Holø at ein ikkje kan akseptere utviklinga der den såkalla nærpolitireformen fjernar tilbod og arbeidsplassar i distrikta. Han meiner at Stortinget må reversere delar av politireforma.