Teknisk trøbbel i Ottadalsradioen:

Det blir sending laurdag

Alt låg til rette for ei triveleg romsjulssending torsdag, så skar det seg.

Sending: Vibeke Oddvik lovar ei triveleg romjulssending i Ottadalsradioen laurdag kveld.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Dagleg leiar og redaktør Vibeke Oddvik i Ottadalsradioen hadde flotte gjestar, konkurransar og mykje anna på programmet for ei triveleg sending andre dag jul.

– Det skar seg fem minutt ut i sendinga, sendaren datt ut og alt skar seg, fortel Oddvik.

Det har vore arbeidd på spreng for å få i gang ein reservesendar og Oddvik lovar eit triveleg program, med mellom anna bingo, laurdag kveld. Da skal alt vera på stell.