Fjuken hadde totalt 3,3 millionar sidevisningar i 2018 og 28.000 unike lesarar under flaumen:

Dei mest lesne nettsakene i 2018

Det var ei gladsak som vart lese av flest på fjuken.no i 2018.

Mest populær i 2018: Katten Nokki som hadde forvilla seg frå Skjåk til Ålesund var den mest lesne saka på fjuken.no i 2018.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Naturleg nok dominerer flaumen i oktober 10 på topp-lista over opne saker på fjuken.no i 2018. Heile fem av dei ti sakene på topplista er frå flaumherjingane i Skjåk.

Men, heilt på topp er det kattten Nokki som tronar. Katten som på ukjent vis kom seg frå Skjåk til Ålesund.

10 på topp opne saker:


Katten Nokki kom seg til Ålesund frå Skjåk

Til nørdre Hosar i Skjåk vart kattesystrene Nokki og Missi henta frå Ålesund for to og eit halvt år sidan. I august vart Nokki borte, men vart attfunnen - ikkje langt frå Ålesund, 128 kilometer i luftline unna!

 

Sjå bilde frå Bismo

Slik såg det ut i Bismo sundag føremiddag og ettermiddag.

 (flaumen)

Dyringsbrua er borte

Flaumen gjer stor skade på vegar og bruer.

 (flaumen)

Jente (1,5 år) alvorleg skadd

Det var ei jente på halvanna år som vart skadd i ei ulykke i Bismo tidleg onsdag kveld.

 

Dødsulykke i Bøverdalen

Naudetatane rykka sundag ettermiddag ut til ei utforkøyring på fylkesveg 55. Éin person omkom.

 

Liv og helse i fokus:

Blir evakuert med helikopter

– Vi er uroa for kvelden og natta!

 (flaumen)

Rema 1000 i Lom

Skal leggjast ned

Butikkdørene blir stengt 15. september.

 

– Så gale har det aldri vore før

Flaumen i Skjåk er dramatisk.

 (flaumen)

Stengde vegar på grunn av flaum

Riksveg 15 er stengt aust for Bismo ved Forberg og i Nordberg. Fleire fylkesvegar i Lom og Skjåk er stengde på grunn av flaum.

 (flaumen)

Skjåkvær funnen død i Thailand

Ein mann frå Skjåk er funnen død i Thailand.

 

Blant dei lukka sakene (dei ein må abonnere på Fjuken for å kunne lesa) er det fyrst og fremst næringssakene som dominerer.

5 på topp lukka saker:


– Fjern skiltet straks

Reklameskiltet for Vinmonopolet på varehuset Koopen i Lom er ikkje godkjent. Skiltet må fjernast «straks».

 

Kiwi har bestemt seg

Flytte til Gjeisarøya eller bli verande der dei er? Kiwi i Lom – eller Nilsbue, som dei fleste seier – har konkludert.

 

Butikk i Lom blir lagt ned

Fleire butikkendringar på Bergom ...

 

Sjå bilde frå nattas herjingar i Skjåk:

Fleire rom knust

Kopirommet og eitt av kontora på Skjåk Energi vart knust da takkonstruksjon frå kommunehuset kom susande i vinden seint tysdag kveld.

 

Medisintjuveri er oppklart

Rett etter påske fekk politiet melding om eit nytt, mogleg medisintjuveri på Skjåkheimen.


Totalt hadde Fjuken nær 3,3 millionar visningar i 2018 og i «flaumveka» i oktober vart Fjuken på nett «opna» over 225.000 gongar av 28.000 unike brukarar.