Reidar Marstein gjer stadig oppdagingar i fjellet:

– Vegen kan vera 1.500 år gamal

– Det er ikkje utenkjeleg at ferdselsvegen gjennom Vesleskaret kan vera minst 1.500 år, kanskje mykje eldre enn det òg. Å registrere denne eldgamle vegen har bydd på mange spennande opplevingar, seier Reidar Marstein.

Det er mykje spennande etter ferdselsvegen, blant anna fleire gravminne

Reidar Marstein
Nyheiter

Under reinsjakta hausten 2017 vart det funne eit sverd i ei steinurd i Gråhøe i Lesja. Sverdet, som hadde halde seg svært godt, synte seg etter kvart å stamme frå vikingtida. Det vart sjølvsagt spekulert i korleis eit slikt kostbart våpen hadde hamna i ville fjellet, rundt 1.650 meter over havet, men kanskje var ikkje fjellet så avsides og vilt?