– Tid er meir verdifullt enn ting

For Aslaug Valde er det kristne bodskapet i jula viktig. Ho tykkjer det blir for mykje fokus på det materielle.

Tenn ljos: Aslaug Valde trivst som klokkar i Vågåkyrkja. Ho gler seg til gudstenestene på julekvelden.  Foto: Arve Danielsen

Vi må prioritere meir tid til kvarandre. Tid er meir verdifull enn ting. – Vi må prioritere meir tid til kvarandre. Tid er meir verdifull enn ting.

Aslaug Valde
Nyheiter

Jula er den kristne høgtida til minne om Jesu fødsel.

– Kjenslene blir sterkare både på godt og vondt i julehøgtida, seier Aslaug Valde (73).

– Korleis skal det gå når Aslaug sluttar, var det ein som sa under ei gravferd i haust.

Vedkommande som sa det, la merke til Aslaug Valde som med sitt rolege vesen var tilstades for pårørande og dei som var i Vågåkyrkja denne dagen for å ta eit siste farvel.

Etter ti år som klokkar, gjekk Aslaug av med pensjon i fjor. Men nå er ho attende. Sidan i haust har ho vore vikar.

– Dette er ei oppgåve eg trivst med. Eg likar meg godt i kyrkja, den er nesten som ein andre heim for meg. På kyrkjekontoret er det også eit godt samarbeid og triveleg fellesskap, seier Aslaug.

Ho er klokkar under gudstenester og gravferder.

– Det er rikt å vere klokkar under gravferder. Kontakta med pårørande er veldig fin. Og så har vi fått ny prest. Eg ser det som ei viktig oppgåve å hjelpe og støtte ho til å byrje med.

Aslaug Valde er oppvaksen i Luster i Sogn og kom til Vågå i 1975.

– Eg er så trå at eg snakkar sogning, seier ho med eit smil.

Aslaug vart gift med Ola på Uppigard Viste i Nedre Nordherad.

Den tidlegare sjukepleiaren vart dermed gardkjerring med 38 mjølkekyr på båsen.

Ein periode var ho med som følgje på sjukebilen.

Den gongen hadde sjåføren på sjukebilen ei liste med namn han ringde til når han trong nokon til å vere med som følgje til sjukehuset på Lillehammer.

Men med gardsdrift og to små gutar å ta hand om, valde Aslaug å slutte.

– Det var godt for dei å veta at eg var heime, seier ho.

Aslaug Valde har drive mykje med organisasjonsarbeid. Ho var med i Nordherad sanitetsforeining og Vågå bygdekvinnelag der ho også har vore leiar. Og ho var tillitsvald frå landbruksnæringa i bygda i Hed-Opp, som var namnet på slakteriet på Otta den tida.

Men det er kanskje det kyrkjelege arbeidet mange vil hugse Aslaug for.

– Eg har vore mykje med i kyrkja. I to periodar var eg også leiar av kyrkjeleg fellesråd.

I dag er Aslaug ei av seks damer som er med i Diakoniutvalet, som er ei grein av soknerådet.

Kvar fredag er ei av dei på Vågåheimen for å vere tilstades og prate med bebuarane der.

– Eg er glad i å besøkje gamle og sjuke folk.

Kyrkja og trua på Gud har vore ein viktig del av livet for Aslaug. Ho har vore personleg kristen sidan ho var 20 år, sjølv om ho har hatt med seg barnetrua frå ho var lite jente.

– Det er ein naturleg ting for meg. Det er viktig å gje noko ifrå Gud til sine medmenneske, seier ho.

Den siste veka fram mot jul er ei travel tid for Aslaug og soknepresten.

Barnehagane, barneskulane og ungdomsskulen har vore i kyrkja som ei avslutning før jul.

– Det er støtt festleg med born og unge i kyrkja. Da er det mykje song, seier Aslaug.

Ho tykkjer det er viktig at barnehagane og skulane besøkjer kyrkja.

– Kyrkja er noko viktig i livet vårt. Både i sorg og glede. Det blir mest glede med jula. Gudstenestene for barnehagane og skulane er ein viktig kulturarv å få med seg for den oppveksande slekt, seier klokkaren.

– Vagværen elles er ikkje kjent for å vere nokon stor kyrkjegjengar?

– Eg trur at inst inne ber vi på noko alle saman. Noko å tru på. Folk er flinke til å møte opp i gravferder, sjølv om ein kanskje ikkje er så flink til å gå i vanlege gudstenester. Vi har mange barnedåpar, og der er folk flinke til å møte opp.


Aslaug Valde rosar sokneprest Cynthia Slomp Renaa for å vere inkluderande og raus.

Soknepresten har vore open med at ho bur saman med ei dame, men det er det ikkje alle som tolererer, sjølv i Vågå i 2018.

– Vi har kome så langt i dag at vi må vere romslege når det gjeld lesbiske og homofile. I min bibel står det at alle er like mykje verd for Gud. Ein skal ikkje fordømme sin neste. Uansett legning. Det er viktig for meg. Vi treng eit meir inkluderande og varmare samfunn. Vi må ikkje vere så opptekne av å fordømme kvarandre, seier Aslaug.

Ho veit det ikkje er alle som er samd med henne.

– Vi vestlendingar er rett på og seier frå, seier ho på klingande sognemål.

Den 24. desember blir ein travel dag for klokkaren, med to gudstenester i Vågåkyrkja om ettermiddagen.

– Vi har to messer for å få plass til alle som ynskjer å koma. Det kan koma over 300 i kyrkja den dagen, seier ho.

Fyrste juledag er det gudsteneste i Vågåkyrkja og messe på Vågåheimen, og nyttårsmesse siste timen før ein går inn i eit nytt år.

– Kva betyr julehøgtida for deg?

– Vi hadde ikkje feira jul om det ikkje var for det kristne julebodskapet. Mykje av dette blir borte i all marknadsføring av gåver. Det blir for mykje fokus på det materielle. Når ein ser kontrasten til dei som ikkje har noko, blir dette for valdsamt. Vi må prioritere meir tid til kvarandre. Tid er meir verdifull enn ting, seier Aslaug med alvor.

Ho fortel at noko som er viktig for henne, er å besøkje nokon som er einsleg i jula.

– Ein treng ikkje ha med så mykje. Det viktigaste er å hugse dei, sjå dei. Jula er ei sår tid for mange. Kjenslene er sterkare, både på godt og vondt i jula, seier Aslaug Valde.

Ho ynskjer alle i Vågå ei god jul og velkomne i kyrkja for å høyre det glade bodskapet.

Klokkar: Aslaug Valde pensjonerte seg i fjor etter ti år som klokkar i Vågåkyrkja. I haust har ho vore vikar i stillinga. Sogningen som har budd i Vågå i 43 år, er oppteken av at vi ikkje må gløyme kvifor vi feirer jul. Klokkaren gler seg til å ta imot bygdefolket og andre i julegudstenestene om julekvelden. – Da er det høgtidsstemning i kyrkja, seier Aslaug Valde.  Foto: Arve Danielsen