Tre ungdomar om jula:

Julematen er høgdepunktet

Syver er den einaste som ser på julekalender på tv. Sebastian er ferdig med alle julegåvene. Marte slutta å tru på julenissen da ho sjølv byrja å kle seg ut som nisse.

Ungdom: Syver Hølmo frå Vågå, Sebastian Schakenda frå Lom og Marte Rustad frå Skjåk tykkjer det er triveleg med jul. Dei er samde om at det er julematen som er høgdepunktet. 

Nyheiter

For Syver Hølmo frå Vågå, Sebastian Schakenda frå Lom og Marte Rustad frå Skjåk byrjar ikkje jula før dei tek juleferie frå skulen. Dei går siste året på vidaregåande i Lom, og ser ikkje heilt poenget med dei siste dagane på skulen før jul.

– Vi gjer liksom ingenting dei siste dagane. Vi er her liksom berre for å fylle timane, er dei samde om.

Men nå er det juleferie, og dei tre ungdomane er klare for julefeiring og alt som høyrer med.

– Når eg høyrer ordet jul tenkjer eg fri og familie, seier Sebastian.

– Snø, julebord og julemat, seier Marte.

– Tid med familien, seier Syver.

Sjølv om dei tre ungdomane tykkjer det er stas med julegåver, er det likevel ikkje det som er høgdepunktet med jula. Syver, Sebastian og Marte er samde om at det er julematen som er høgdepunktet.

– Det blir mykje mat. Julemiddagen er høgdepunktet, seier Marte.

Dei to gutane nikkar på hovudet.

– Julematen er liksom noko anna enn å sitje ved bordet ein vanleg måndag og eta laks, seier Syver.

Han skal eta ribbe og kjøtkaku julekvelden i år.

– Eg trur det er det vi skal eta i allefall. Vi vekslar litt på ribbe og pinnekjøt, men eg håpar det er ribbe i år, seier han.

Marte skal òg ete ribbe. For Sebastian blir det pinnekjøt julekvelden.

– Men vi brukar å eta ribbe ein dag seinare i jula, seier han.

Når det kjem til julekalender, kan dei tre 18-åringane fortelje at dei alle har gåvekalender.

– Førjula blir liksom ikkje det same utan, seier Marte.

– Det er stas med pakkekalender. I min er det alt frå barberskum til godteri, seier Syver.

Sebastian har òg pakkekalender, og tykkjer det er stas sjølv om han er så gamal.

– Det har vorte ein tradisjon, seier han.

Når det gjeld julekalender på tv, er det berre Syver som ser på det.

– Eg ser på «The Julekalender».

– Eg såg på før, men har ikkje sett på julekalender på tv på fleire år, seier Marte, som har «Jul i Blåfjell» og «Jul på Månetoppen» som sine favorittar.

– Eg ser nesten ikkje på tv lenger, men i jula ser eg på julefilmar og juleprogram, for da blir det ein del avslapping. Eg må mellom anna ha med meg alle seriane og filmane som blir sendt om morgonen og føremiddagen på sjølve julekvelden, seier Sebastian.

Men jula blir ikkje brukt berre til å sjå på tv.

– Det blir nok mykje festing. Særleg nå som vi har vorte 18 år gamle, meiner Syver.

– Men det blir nok ikkje berre festing. Eg brukar ofte å vera ute ein del i romjula. Aking er morosamt, berre det blir litt meir snø, seier Marte.

– Elles er det triveleg å spela brettspel med familie og vener, seier Sebastian.

Syver fortel at han skal nyte at han har skulefri for alt det er verd.

– Det er lovleg å vera litt lat i jula, og bruke tid saman med familie og vener. Sjå på tv saman og berre prate, seier han.

Men korleis ligg 18-åringane an når det kjem til julegåvene, tru?

– Eg er ferdig med å handle gåvene, men er ikkje ferdig med å pakke dei inn. Men eg tykkjer eg er flink likevel, for eg brukar ofte å vera ute i siste liten med julegåvene, smiler Marte.

Sebastian er for lengst ferdig med julegåvene.

– Eg var ein tur i Oslo for nokre helgar sidan, og da kjøpte eg så å seia alt. Eg har til og med fått pakka dei inn, seier Sebastian.

– Eg har ikkje starta med julegåvekjøpa, men eg er ferdig med planleggjinga, så eg veit kva eg skal kjøpe til dei som skal ha julegåve, seier Syver.

Syver brukar å kjøpe julegåver til sysken, foreldre, naboar og nære klassekameratar. Sebastian kjøper ikkje så mange julegåver.

– Eg kjøper til familien, og nokre vener, seier han.

Marte er ein del av ein venegjeng på seks som dei siste åra har valt å ikkje kjøpe julegåver til kvarandre.

– Vi har vorte einige om å heller ha eit julebord saman der vi lagar god mat og kosar oss. Det er noko vi har gjort eit par år nå, seier Marte.

Alle tre tykkjer det er triveleg å få julegåver.

– Det vekkjer liksom barndomen att når ein skal til å opne julegåver, seier Syver.

– Men eg tykkjer det er like stas å gjeva bort ei julegåve som å få ei, seier Sebastian, som fortel at han eigentleg har det han treng, og difor ikkje noko spesielle gåveynskje til jul.

– Det er kanskje nokre bøker og cd-plater eg ynskjer meg, men ikkje noko dyre ting, seier Sebastian.

– Eg har heller ikkje noko konkrete ynskje, men blir sjølvsagt glad for å få eitkvart, seier Syver.

– Eg ynskjer meg ei dobbeldyne og klede. Også skulle eg eigentleg hatt ny mobil, seier Marte.

– Trur de på julenissen?

– Så klart! smiler Sebastian.

– Nei, det er nok ein del år sidan eg trudde på han, seier Syver.

– Eg var ikkje så gamal, kanskje 10-12 år, da eg sjølv kledde meg ut som nisse, og da slutta eg også å tru på han, seier Marte.

– Eg var nok ikkje så gamal eg heller. Det var tidleg på barneskulen at eg slutta å tru på julenissen. Men det var stor stas å ha nissebesøk heime da vi var mindre, seier Sebastian.

– Somme gonger skjønte vi ungane kven det var som var nisse, og da vart det ekstra morosamt, seier Syver.

Syver, Sebastian og Marte er alle med på å pynte juletreet i heimane sine.

– Eg tykkjer det er ein fin tradisjon å pynte treet. Når det gjeld å hente juletre så er heile familien med på det, seier Sebastian.

– Eg var med og henta juletre da eg var mindre, men nå er det stort sett pappa som hentar, så er eg med på pyntinga, seier Marte.

– Vanlegvis er vi i skogen og plukkar ut tre, men i år har eg høyrt rykte om at vi skal kjøpe juletre i sentrum. Det blir fyrste gongen. Men heldigvis har det ikkje vore noko tema heime hjå oss å ha kunstig juletre. Det må vera ekte. Det er viktig at det luktar gran i stova. Plastikklukt er ikkje noko særleg, seier Syver.