Fjukens julehelsing:

– Vi har opplevd eit mirakel

– Vi meiner det vi har opplevd med Sara er eit mirakel. Gud har synt oss nåde.

Saman: Rahwa og Simon er lykkelege over å kunne feire jul med båe barna sine, Sara og Daniel.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Rahwa og Simon Kidane er ikkje i tvil. Det er høgare makter, det er Gud, som har hjelpt dottera Sara (snart 2) som vart alvorleg skadd i ei bilulykke i oktober.

Når vi kjem for å levere den aller siste julehelsinga frå Fjuken til familien på fire i Bismo, kjem Sara og broren Daniel (4) og møter oss i døra.

Simon og Rahwa ynskjer ikkje å prate om sjølve hendinga, men dei vil gjerne fortelja alle i Skjåk og alle andre stader at Sara er frisk og ikkje vil få seinskadar.

– Rett etter ulykka kunne vi ikkje forestille oss at ho ville koma levande frå det, og vi er som sagt sikre på at Gud har vist oss nåde. Det har likevel vore ei forderdeleg og uverkeleg tid fram til nå, seier Simon.

Rahwa og Simon har lyst til å takke for all omtanke og medkjensle som har vorte synt dei i haust.

– Vi må byrje med å takke ambulansepersonellet som kom; Hanne Forreløkken og Jøran Forberg, og ein stor takk til lege Sondre Bøye som vart med i ambulansen til Otta. Vi må òg få takke legar og sjukepleiarar på Ullevål. Lista er så lang, vi kan ikkje nemne alle med namn, seier Rahwa og Simon. Jau, vi må takke Bismo barnehage og foreldregruppa der. Dei har vore heilt fantastiske.

Familien har heile tida tykt at Skjåk har vore ei trygg bygd å bu i, og Noreg eit trygt land.

– Nå har vi fått enda eit bevis på det. Vi trudde kanskje nordmenn var reserverte med å ta kontakt, men nå fekk vi sjå det motsette. Alle meldingar, telefonar og besøk, frå flyktningevener og skjåkværar - all omtanken som er delt med oss har varma hjarta våre.

Familien var samla i dei tunge vekene Sara var på sjukehus, også fireåringen Daniel var med.

– Det var gull verdt for oss å ha Daniel der. Han vart på ein måte ei avlasting for oss. Ein av oss var heile tida hjå Sara medan den andre måtte ta seg av Daniel, seier Simon.

Daniel er som fireåringar flest, aktiv og hadde sitt å tenkje på. Han fekk foreldra ut av sjukehusbobla.

– Han var også reine terapien for Sara da ho vakna og noko av det fyrste ho gjorde var å spørja etter «Dani».

Nå skal den norsk-eritreiske familien feire jul, og det blir feiring både den 24. desember og den 7. januar. Familien tilhøyrer den ortodokse kyrkja, som fylgjer den julianske kalenderen.

– Eg ynskjer at folk tek vare på kvarandre, slik dei har teke vare på oss nå. Det er så enkelt, men likevel så vanskeleg. Viss alle hadde gjort det - teke vare på kvarandre og vore snille - hadde det ikkje vore ufred i verda, seier Simon.