«E handla lokalt»-kampanjen:

Cathrin vann Fjuken-bilen

Over 30.000 deltakarkort har vorte fylt ut i Fjuken sin lokalhandel-kampanje. Cathrin Aamodt i Nordberg vann Fjuken-bilen.

Vann bil i eitt år: Cathrin Aamodt (t.v.) i Nordberg vann hovudpremien i lokalhandel-kampanjen «E handla lokalt». Premien er fri bruk av ein bil i heile 2019. Her står vinnaren saman med (f.v.) Terje Randen og Helene Starheimsvik frå Fjuken, Rune Fossmo i Coop Ottadalen og Magne Mork frå Skogen Bil.  Foto: Tom Erik Solstad

Dette var utruleg artig. Eg er vanlegvis ikkje utstyrt med flaks.

Cathrin Aamodt
Nyheiter

Sjå kven som vann bilen

Kampanjen "E handla lokalt" starta ved påske. Nå er hovudpremien trekt. Ein Citroën C3 Aircross for bruk i 2019. Sjå kven som vann i videoen.

 

– Dette var utruleg artig. Eg er vanlegvis ikkje utstyrt med flaks i det heile teke, og det har vel ikkje heilt gått opp for meg ennå at eg har vunne. Eg ventar berre på ein telefon om at det har skjedd ein feil med trekkinga, skrattar Cathrin Aamodt i Nordberg Skjåk, når ho får beskjed om at det er ho som har vunne eitt års fri bruk av Fjuken-bilen, inkludert forsikring, i Fjuken sin lokalhandel-kampanje.