Førjulshelsing til André Sørhage:

– Han er ein helt

– Vi er fleire som lenge har prata om at André Sørhage fortener ei merksemd for velviljen sin.

Eldsjel: André Sørhage i Lom seier han har stor glede av å gjera ein friviljug innsats for idrettslaget. – Eg har aldri tenkt at det er keitt, seier han.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Dette kom på epost til Fjuken her om dagen, med forslag om at nettopp André Sørhage skulle få ein av Fjuken sine julehelsingar denne veka.

André er ein kvardagshelt, meiner innsendarane. Dei skriv:

«Han har i mange år stått på som ein helt for Lom idrettslag, både gjennom verv og elles i fritida – og når han elles hadde fortent å få fri frå plikter og oppgåver. Han står på friviljugt for både fotballgruppa og skigruppa og elles i Grov når noko skal gjerast. Ein meir hjelpsam kar skal ein leite lenge etter».

André Sørhage blir tydeleg rørt når Fjuken les opp det andre har skrive om han.

– Dette var overraskande. Eg blir både rørt og glad. Eg veit ikkje kva eg skal seia, men eg er jo ikkje einsleg om å vera med som friviljug. Det er jælma mange gode personar i Lom IL – og i andre organisasjonar – som hjelper til alt dei kan for å skape trivsel og leggje til rette for andre.

– Kan du seia litt om kvifor brukar du så mykje tid på frivijlugt arbeid?

– Det eg gjer, og det andre gjer – det gjer vi for ungane våre. Det er det som driv oss. Men eg gjer det nok litt for meg sjølv, også. Eg tykkjer ikkje det er «keitt» å vera med på å setja opp eit gjerde i Presthaugen, rydde i Grov eller å steikje hamburgarar på skirenn, eg tykkjer det er artig. Vi er alltid eit lag, vi har det sosialt og får vera med på mykje liv og røre. Å arbeide mot eit felles mål, få til noko i fellesskap, det ser eg berre glede i. Når vi er på dugnad, passar vi alltid på å ta oss ei sosial kaffepause, eller fleire. Det er ein viktig del av det. Dersom eg ikkje hadde vore så engasjert i friviljugt arbeid, hadde eg sikkert halde meg heime i sofaen – og kva hadde vore bra med det? humrar André, som sit i hovudstyret i Lom IL. Han er ein del av trenarlaget rundt jentelaget 2004 óg.

André Sørhage tykkjer det er vanskeleg å seia positive ting om seg sjølv. Han vil helst prate om innsatsen alle andre legg for dagen. Skuleelevane, til dømes.

– Elevane ved barneskulen, ungdomsskulen og på vidaregåande har alle vore med på å plukke glasopor i Grov. Dei har gjort ein fenomenal innsats! Vi har ein fin ungdom, det er det ingen tvil om, rosar han.