Kantina spanderte julegraut

– Vi ynskjer å gjeva attende av overskotet.

Graut: Onsdag fekk alle elevar servert julegraut i kantina på Lom ungdomsskule.  Foto: Lom ungdomsskule

Nøgde: Elevane var tilfredse.  Foto: Lom ungdomsskule

Nyheiter

Det seier Trond Volden som er kantineansvarleg på Lom ungdomsskule.

Onsdag var det juleverkstad på skulen, og etterpå fekk alle elevane servert julegraut i kantina.

– Vi tykkjer det er greitt å gjeva attende av overskotet for kantinedrifta dette året til elevane, seier Trond Volden.

Han kan elles opplyse at elevane på Lom ungdomsskule får gratis frukt kvar dag heile året i kantina.

Frukt: Hanne Kjøk og dei andre elevane på Lom ungdomsskule får gratis frukt i kantina kvar dag heile året.  Foto: Lom ungdomsskule