Fekk støtte frå Gjensidigestiftelsen

Vågå historielag og Lom Friviljugsentral har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Munch i Vågå: I 1895 gjekk Edvard Munch frå Sjodalen til Vågåmo. Denne vandreruta skal nå tilretteleggast og merkast.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Vågå historielag får 100.000 kroner til «Tilrettelegging av den historiske vegen frå Vågåmo-Sjodalen».

Dette er ei rute som verdskunstnaren Edvard Munch gjekk i 1895 frå Bessheim, ned Sjodalen til Lemonsjøen, Flatningen og over Langmyrene til Vågåmo.

I sommar vart den fyrste merkestolpen langs den historiske ruta frå Sjodalen til Vågåmo avduka.

Lom friviljugsentral får 24.000 kroner til «Aktivitetsprosjekt for flyktningdamer».

– Det er slike prosjekt vi leiar etter, og vi håpar at dette kan vere til inspirasjon for andre, seier Cecilie Asp i Gjensidigestiftelsen.