Skredvollen over Ulstad blir over 20 millionar dyrare

Manglande fjellgrunn, lausmassar og manglande postar i anbodsgrunnlaget vil fordyre skredvollen over byggefeltet i Lom sentrum. Mellom anna manglar postar for handtering av masse til og frå mellomlager i anbodsgrunnlaget.

Skredvoll: Skredvollen over Ulstad blir over 20 millionar kroner dyrare.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

– I sum utgjer desse endringane ein vesentleg kostnadsauke i forhold til Lom kommunes vedtak i mai, skriv Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i eit brev til kommunen.