Fullgod jakke frå 1972

– Eg skjønar meg ikkje på dette «bruk-og-kast»-samfunnet, seier Kåre Marstein i Lom.

Klok kar: Kåre Marstein i Lom skjønar ikkje poenget med å kaste klede som er meir enn gode nok. Han er svært skeptisk til «bruk-og-kast»-samfunnet vi alle er ein del av.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Gamle, umoderne klede blir kasta i søpla av mange. Møblar, pyntegjenstandar og mat blir det same. Dei fleste av oss kjøper nye varer i staden for å reparere.

Kåre Marstein skjønar seg ikkje på slikt.

– Denne jakka kjøpte eg på Koopen i 1972. Ho er like varm og god i dag som den gongen. Glidelåsen fungerer og alt er i orden, så kvifor kjøpe ny? Det er heilt uaktuelt, seier han.

Fjuken kom i prat med Kåre på kafè tysdag morgon, der forbrukarsamfunnet kom opp som tema i samtalen. Kåre nemnde jakka han hadde på seg som eit døme på det han står for, og gjekk sporty med på å bli tatt bilde av.

– Kven skulle tru at eg i min alder skulle bli spurt om å stille som fotomodell i Bergomsgarden, lo han.