Stillingssleppet 2018:

Over 160 ledige stillingar

Over 160 ledige stillingar i Nord-Gudbrandsdalen blir snart publisert.

Håpar: Håpet er at stillingssleppet vil gje både lokale og potensielle tilflyttarar til å finne arbeid i regionen.   Foto: Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen

Nyheiter

– Det er rekordmange. Vi markerer oss, så vidt eg veit, som det klart største stillingssleppet av dei regionane som har slike tiltak i Noreg, seier prosjektleiar Ida Amble Ruge.

Ho fortel at breidda i stillingane er stor: Her er verdas kanskje einaste faste, 100 prosent moskusguidestilling, psykologstillingar, kommunalsjef, tømrar, sjukepleiar, revisor, ingeniør, hyttevertskap, resepsjonssjef, webutviklar og mykje meir.

Det er Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen som står bak stillingssleppet.

– Dette sleppet syner at Nord-Gudbrandsalen har mange attraktive stillingar. Regionen blir sett på kartet som ein god arbeidsmarknad og eg trur dei fleste som ynskjer det vil finne relevant arbeid her, seier Amble Ruge.

Håpet er at stillingssleppet vil gje både lokale og potensielle tilflyttarar ei moglegheit til å finne arbeid i regionen.

Stillingssleppet blir publisert på www.komtiloss.no den 11. desember.