Alle fekk nettbrett

På Skjåk barne- og ungdomsskule har det gått føre seg ein digital revolusjon.

Lurt: – Ein kan laste ned lydfilar på nettbretta. Det betyr mellom anna at vi kan lesa inn engelsk til læraren vår – eller vi kan lesa inn andre ting. Det kan somme gonger vera greitt å ikkje lesa høgt for heile klassa, seier elevane Sigurd Bakken, Lars Vange og Idun Byre.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Skulen har, saman med kommunen, lokalt næringsliv og banken, gått inn for ei storstila satsing på barnesteget. Alle elevane og lærarane på barnesteget har nemleg fått kvart sitt nettbrett som dei skal bruke i skulekvardagen sin.

Denne veka har både lærarar og elevar fått opplæring i bruken av nettbretta.