Stig (69) har 50 år bak lastebilrattet

– Det blir ein livsstil.

Pensjonist: Stig Kvamme i Lom har køyrd lastebil i 50 år. Dei fyrste åra dreiv han saman med far sin, før han på midten av 1980-talet tok over transportfirmaet. Ottadalen Mølle har vore fast oppdragsgjevar i over 40 år, og Stig har ikkje talet på kor mange tonn med kraftfôr han har køyrd opp gjennom alle desse åra. Nå har han selt bilane sine, og lagt ned transportfirmaet sitt.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Stig Kvamme i Lom. Sidan han fekk førarkort på lastebil som 19-åring har han sete bak rattet. – Til å byrje med dreiv eg saman med far min som starta transportfirmaet Kvamme. På midten av 1980-talet tok eg over, seier 69-åringen i Solsidevegen. Den fyrste lastebilen Stig køyrde var ein 1957-modell Scania.