Slutt på gratis heiskort

På grunn av økonomien kuttar Vågå kommune ut tilbodet om gratis heiskort på Lemonsjø Alpinsenter for barneskuleelevane.

Lemonsjøen: I 2016 inngjekk Lemonsjø Alpinsenter og Vågå kommune ein samarbeidsavtale som gav alle 1.-7.-klassingar i Vågå tilbod om gratis heiskort i alpinbakken. På grunn av økonomien foreslår Vågå kommune nå å ikkje vidareføre dette tilbodet.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

I 2016 inngjekk Lemonsjø Alpinsenter og Vågå kommune ein samarbeidsavtale med alpint tilbod til alle elevar på 1.-7. steg ved Lalm og Vågåmo skule, der kvar elev fekk tilbod om fem dagar gratis heiskort, inkludert gratis leige av skiutstyr og skiinstruksjon. På grunn av økonomien har Vågå kommune valt å ikkje vidareføre dette tilbodet.