Sjå Svein Rune sin reaksjon når han vinn 3,3 millionar (video)

Det tok heilt av heime i stua hjå Svein Rune Damstuen (44) fra Vågå, da han onsdag vart Joker-millionær.

Kreditering: Fabelaktiv

Nyheiter

Da Svein Rune skulle i elden, plukka kona Mette Ragnhild opp mobilen og dokumenterte heile seansen. Og for ei stemning det vart!

Norsk Tipping skriv av det var flaks at nettopp Svein Rune skulle bli Joker-kandidaten denne onsdagen.

Kupongen han vart trekt ut på var nemleg meint for onsdagen uka før.

- Eg leverte akkurat litt for seint førre onsdag, så dermed vart den med over til denne trekninga, sa Damstuen til Norsk Tipping.  

- Eg har levert både Joker og Lotto i årevis, men aldri vore i nærleiken av noko slikt. Nå blir det nok nokre fine ferieturar, til både by og strand, seier han.

I tillegg fortel vinnaren at ein del av pengane vil gå til nedbetaling av gjeld, samt at det vil drype på familien.

- I kveld blir nok litt feiring med godt i glasset, sa Svein Rune Damstuen etter at milliongevinsten var i boks.