Ope møte om opprydding etter flaumen

Tysdag neste veke blir det ope møte i Skjåk om opprydding og førebygging etter flaumen. NVE deltek på møtet.

Stort skadeomfang: Omfanget av skadane etter flaumen i oktober er store. Sjølv om oppryddingsarbeidet er godt i gang mange stader, er fleire i Skjåk uroa over framdrifta.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Omfanget av skadene etter flaumen i oktober er store. Sjølv om oppryddingsarbeidet er godt i gang mange stader, er det fleire i Skjåk som uttrykkjer uro i høve framdrifta i oppryddingsarbeidet.

Tysdag kveld i neste veke blir det ope møte i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule, om opprydding og flaumførebygging. Her blir det mellom anna ei orientering frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), om kva planar dei har for opprydding og førebyggjande tiltak etter flaumen i Skjåk.