Fekk støtte til innkjøp av kanoar

Tessand grendalag har fått 131.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen DNB til innkjøp av kanoar med utstyr.

Kanotur: Tessand grendalag skal kjøpe inn kanoar med utstyr, og bilhengar til å frakte kanoane med. Til sommaren kan folk låne kano for å padle på Vågåvatnet, eller på Lemonsjøen som bildet er frå.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Fantastisk. Julegåva vi drøymde om kom tidleg til Tessand i år, seier leiar Ivar Vistekleiven i Tessand grendalag.

Grendalaget er eitt av fleire lag og organisasjonar som har fått gladmelding frå Sparebankstiftelsen DNB om støtte til ymse tiltak og prosjekt.

– Vi ynskjer at flest mogleg kan koma og låne kanoar med naudsynt utstyr, som vil ut og padle om det er på Vågåvatnet eller på eit fjellvatn, seier Vistekleiven.

Han fortel at dei skal kjøpe åtte kanoar og bilhengar til å frakte kanoane med.

– Det er viktig å få til meir aktivitet på Tessand, seier han.